![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/12/Kitwe.jpg/640px-Kitwe.jpg&w=640&q=50)
Kitwe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kitwe er er ein by i Copperbelt-provinsen i Zambia. Med over 550 000 ibuarar er byen den nest mest folkerike i landet etter hovudstaden Lusaka. Kitwe ligg 1219 meter over havet, ved elva Kafue.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/12/Kitwe.jpg/640px-Kitwe.jpg)
Byen Kitwe voks fram då kopargruva Nkana vart opna i 1936. Bystatus fekk Kitwe i 1966. Næringslivet baserer seg på omfattande gruvedrift og utvinning av særleg kopar, men òg enkelte edelsteinar.
Avdøde president Frederick Chiluba var frå Kitwe.