Khálki
From Wikipedia, the free encyclopedia
Khálki (gresk Χάλκη), òg kalla Chalki, Halki og Khalke, er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho ligg om lag 6 km vest for Ródos. Med eit areal på 28 km² er ho ei av dei minste busette øyane i Dodekanesane, og ho har ein busetnad på 475 innbyggjarar (2021), som bur i landsbyen Emborió eller Khálki by, med unntak av 1 innbyggjar som er registrert i Khorió.[1]
Khálki Lokalt namn Χάλκη | |
---|---|
Hamna i Khálki | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 36°14′N 27°34′E |
Øygruppe | Dodekanesane
|
Areal | 37,0 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Ródos |
Største busetnad | Khálki (474 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 475 (2021[1]) |
Folketettleik | 12,8 /km² |
Khálki er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Ródos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Øya hadde tidlegare langt fleire innbyggjarar, men mange emigrerte på midten av 1900-talet. Ruinane av ei mellomalderborg laga av Maltesarordenen ligg ovanfor gamlebyen, og kapellet inneheld nokre originale fresker.
Øya har nesten ikkje vasskjelder og regnvatn vert samla i cisterner. Drikkevatn vert transportert frå Ródos, men i sommarmånadane kan det verte vassmangel.
Hovudnæringa på øya er turisme, men fiske utgjer òg ein vesentleg del av næringa.
Mellom Khálki og Ródos ligg Alimiá og mange andre mindre klippeøyar.