![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/6/66/Povod%25C3%25AD_Keti.png/640px-Povod%25C3%25AD_Keti.png&w=640&q=50)
Ket
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ket (russisk Кеть; selkupisk Ӄыыт) er ei elv i Krasnojarsk kraj og Tomsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Ob frå høgre. Elva er 1621 km lang og har eit nedslagsfelt på 94 200 km². Elva har ei middelvassføring på 560 m³/s.
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå ketisk språk.
Ket | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 94 200 km² | ||
Lengd | 1 621 km | ||
Middelvassføring | 560 m³/s | ||
Munning | Ob | ||
![]() Ket 56.785769°N 92.49004°E / 56.785769; 92.49004 | |||
Wikimedia Commons: Ket River | |||
Elva frys til seint i oktober eller tidleg i november og er islagd til seint i april eller tidleg i mai. Dei største sideelvane hennar er Sotsjur, Orlovka, Lisitsa, Vesle Ket, Mendel, Jelovaja og Tsjatsjamga.
Seint på 1800-talet vart Ket-Kas-kanalen bygd for å knyte Ket til Store Kas, som munnar ut i Jenisej. Dette prosjektet gjorde Ket ein del av vassvegen mellom Ob og Jenisej. Dessverre vart kanalen lang og grunn, og var isdekt det meste av året. Kanalen klarte ikkje å konkurrere med den transsibirske jarnvegen og vart forlaten rundt 1921.