![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d4/Keplers_supernova.jpg/640px-Keplers_supernova.jpg&w=640&q=50)
Keplers nova
From Wikipedia, the free encyclopedia
Keplers nova (offisielt Supernova 1604) er ein supernova som flamma opp i stjernebiletet Slangeberaren (Ophiuchus) i oktober 1604. Han nådde storleiksklasse −2,5 og var synleg for det nakne auga i 18 månader. Han var på den tida meir lyssterk enn alle andre stjerner og planetar, utanom Venus
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d4/Keplers_supernova.jpg/640px-Keplers_supernova.jpg)
Den første registrerte observasjonen var nord i Italia den 9. oktober 1604.[1] Johannes Kepler byrja å observere supernovaen medan han arbeidde i Praha for keisar Rudolf II den 17. oktober.[2] Han fekk sidan namn etter Kepler fordi han observerte novaen i nesten eitt år.
Supernovaresten etter denne supernovaen vert rekna som ein prototype av sitt slag og vert framleis mykje studert innan astronomien.