Kelvin-Helmholtz-instabilitet
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kelvin-Helmholtz-instabilitet kan oppstå når det eksisterer eit vertikalt skjer i væske eller når det er stor nok fartsskilnad i grenseflata mellom to væskelag. Teorien kan brukast til å slutte seg til når ei væske blir instabil og når ein straum går over til å bli turbulent i ei væske alt etter kva tettleik og fart væskestraumen har. Herman von Helmholtz studerte dynamikken i to væsker med forskjellig tettleik når det oppstår ei lita forstyrring, som ei bølgje, på grenseflata mellom væskene.
Vi kan tenkje oss to væsker med forskjellig tettleik som beveger seg parallelt med forskjellig fart. Viss ein ignorerer overflatespenninga og har bølgjer med kort nok bølgjelengde, vil grenseflata mellom væskene vere ustabil uansett farten til væskestraumane. Men sidan det eksisterer ei overflatespenning, vil grenseflata vere stabil for korte bølgjelengder, og teorien kan då brukast til å rekne ut kva fart væskene må ha for å bli ustabile. Når ein har overflatespenning med i teorien kan ein lage prognose for kva tid det blir danna bølgjer i tilfellet vind over vatn.
Når fordelinga av tettleik og fart stadig endrar seg (med det lettare laget øvst, slik at væska er Rayleigh-Taylor-stabil) kan ein bruke Richardsontalet, Ri, for å rekne ut kva tid det oppstår KH-instabilitet. Vanlegvis er eit lag ustabil for Ri<0,25.
Desse effektane er forholdsvis vanlege i skylag.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.