art av andefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Keisargås (Anser canagicus) er ein gåseart. Tidlegare gjorde denne arten saman med snøgås (C. caerulescens) og eskimogås (C. rossii) ut for den biologiske slekta Chen. Mange autoritetar anerkjente ikkje Chen og desse tre artane blei i staden sett inn i slekta Anser.
Keisargås | |
Keisargås Foto: Deines, F - U.S. Fish & Wildlife Service | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Anser |
Art: | Keisargås A. canagicus |
Vitskapleg namn | |
Anser canagicus |
Storparten av keisargåsbestanden hekkar i Yukon-distriktet i Alaska. Ein mindre populasjon finn vi i det nordaustlege Sibir. Denne arten skil seg frå andre gjæser med nære band til strandlinja, han hekkar nær stranda i sesongen og søkjer føde ved kystar året rundt.
Keisargjæser ser meir kompakte ut enn andre gåseartar. Kroppslengda varierer i området 66 til 89 centimeter, hannar veg i gjennomsnitt 2,3 kilogram, hoer rett under 2 kg. Dei forholdsvis korte beina er guloransje og nebbet er fleirfarga i gult raudt og med noko rosa, blått og grått. Fjørdrakta er lik hos kjønna med kvitt hovud og nakke, elles er ho spraglete grå.[1]
Ungane har gjennomført mørk grå fjørdrakt med marmorering på hovudet, men det kvite på hovudet og nakke kjem første hausten. Nebba er enno svarte, medan føtene er olivengrå.
Keisargåsa finst frå Nord-Sibir til nordvestre Alaska og har overvintringsstader på øyane i Aleutane, på Kamtsjatkahalvøya og i sørvestre Alaska.
Fuglane kjem til hekkeplassen mellom andre halvdel av mai og byrjinga av juni, i Russland opptil 3 veker seinare. Reira er godt kamuflerte, nede i ei senking i bakken. Mest vanleg er kullet på fem kvitmatte egg som rugast i 25 dagar. Polarmåse er den mest hyppige predatoren på ungane.
I hekkesesongen er dietten hovudsakleg planteføde, starr, bær, tang og algar, men òg blautdyr som blåskjel. Ungane vil oftast beite på mudderbankar med vegetasjon.[1]
Den globale populasjonen kan vere så liten som mellom 45 000 til 80 000 individ, og har vore sterkt minkande.[1] Arten er klassifisert som nær truga (NT) av IUCN.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.