Kaupanger er ei bygd, ein tettstad og eit sokn i Sogndal kommune i Vestland. Tettstaden har 1 075 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Kaupanger | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Sogndal | ||
Areal | 1,08 km² | ||
Folketal | 1 075 (2023) | ||
Folketettleik | 995 / km² | ||
Postnummer | 6854 KAUPANGER | ||
Innbyggjarnamn | Kauping | ||
Preposisjon | på Kaupanger | ||
Ferdselsårer | |||
Kaupanger 61.184444444444°N 7.2422222222222°E | |||
Wikimedia Commons: Kaupanger | |||
Kaupanger er mellom anna kjend for Kaupanger stavkyrkje, bygd på midten av 1100-talet. På Kaupanger ligg også museet De Heibergske Samlinger, Kaupanger ferjekai og Sogndal lufthamn, Haukåsen.
Kaupanger vart i mellomalderen ein handelstad, ein kaupang, av dette kjem namnet.
Delområde
Kaupanger delområde femner austre delen av Sogndal kommune, det vil seie området på austsida av Norefjorden, med unntak av grunnkrinsen Fimreite som høyrer til Norum delområde. Ved folketeljinga i 2001 budde det 2122 personar i delområdet, fordeld på 724 i grunnkrinsen Barsnes/Loftnes/Kjørnes, 562 i grunnkrinsen Valberg/Skogen og 836 i grunnkrinsen Kaupanger. I grunnkrinsen Haukåsen budde det ingen.[1]
Kyrkjesokn
Kaupanger er òg eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Kaupanger stavkyrkje er soknekyrkje.
Bakgrunnsstoff
- Kong Sverre brende Lusakaupang på NRK fylkesleksikon
Kjelder
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.