From Wikipedia, the free encyclopedia
Katerína Sakellaropoúlou (fødd 30. mai 1956) er ein gresk jurist og dommar som 13. mars 2020 blei president i Hellas. Ho var første kvinnelege justitiarius i Statsrådet, den høgaste domstolen i forvaltingssaker, og den første kvinnelege presidenten i landet. Ho er politisk uavhengig.[1] Sakellaropoúlou overtok embetet etter Prokópis Pavlópoulos.[2]
Katerína Sakellaropoúlou | |||
| |||
Fødd | Κατερίνα Σακελλαροπούλου 30. mai 1956 (68 år) Thessaloníki | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Hellas | ||
Parti | partilaus | ||
Yrke | dommar, jurist, president | ||
Institusjonar | Statsrådet | ||
Utdanna ved | Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Aten Université Panthéon-Assas Arsakeia - Tositseia Schools | ||
Verv | President i Hellas 2020- | ||
Føregangar | Prokópis Pavlópoulos | ||
Alle verv | |||
Signatur |
Sakellaropoúlou er fødd i Thessaloníki, der ho budde dei fyrste åtte åra av livet. Familien flytta til Aten i 1964.[3] Far hennar, Nikolaos Sakellaropoúlous, var dommar, og var ei tid visepresident i øvsteretten.[2]
Ho studerte juss og fullførte studia sine ved Universitetet i Aten i 1978. Ho har òg studert i Frankrike, der ho konsentrerte seg om til forfatnings- og forvaltingsrett ved Université Panthéon-Assas (Paris II) frå 1989 til 1990.[4]
I 1982 blei Sakellaropoúlou tilsett ved Statsrådet, den høgaste greske domstolen i forvaltingssaker. Etter å ha stige i gradane i denne domstolen, blei ho visepresident for domstolen i 2015 og president i oktober i 2018. Sakellaropoúlou blei med dette den første kvinna i dette embetet.[5]
Sakellaropoúlou har arbeidd mykje med miljøsaker og berekraftig utvikling, der omsynet til kultur- og naturmiljø må vegast opp mot økonomisk utbygging på avgrensa geografiske område.[6] Ho har vore med på å forma rettspraksis i samband med fleire viktige miljøsaker i Hellas,[7] som den omstridde omlegginga av Akhelóos-elva, som blei stoppa,[8][9] den pågåande ureininga av elva Asopós, som retten gav staten pålegg om å rydda opp i,[10] og Skouries-gruva, som fekk utbyggingsløyve.[11] I saka om dei såkalla flyktningeblokkene (Prosfygika) på Aleksandras-avenyen i Aten råda ho Statsrådet til å verna dei modernistiske bygga frå 1930-talet i staden for å la staten riva dei, noko retten vedtok.[12] Blokkene blei sidan verna som kulturminne.[13]
Sakellaropoúlou støttar borgarrettar og er oppteken av miljøsaker og minoritetsrettar.[14] Ho er kjend for relativt progressive synspunkt, og har til dømes støtta å ta bort religiøs tilhøyring frå offisielle greske ID-kort.[15] Ho skilde seg frå mange andre greske dommarar ved å ta ei klart standpunkt for borgarrettar i samband med diskriminering grunna kjønn, seksualitet eller flyktningstatus.[14]
Frå 2004 til 2014 underviste Sakellaropoúlou i miljørett ved den greske dommarskulen.[16] Frå 2015 til 2019 var ho leiar for den greske samskipnaden for miljørett (Ellinikís Etaireías Dikaíou tou Perivállontos, EEDiP).[17] Ho har skrive fleire artiklar og bøker om konstitusjonell rett og miljørett.[3]
I januar 2020 blei Sakellaropoúlou nominert til vervet som gresk president av statsminister Kyriakos Mitsotakis frå det konservative partiet Nytt demokrati.[18] Opposisjonspartia Syriza og Kinima Allagis støtta nominasjonen.[14] Parlamentet valde henne til president 22. januar 2020 med 261 av 300 stemmer.[19] Ho var eit uvanleg val både gjennom å vera den første kvinna nominert til stillinga, og gjennom å vera politisk uavhengig. Statsminister Mitsotakis hadde tidlegare fått kritikk for det låge talet på kvinner i regjeringa si. Sakellaropoúlou blei ein konsensuskandidat som fekk eit rekordstort stemmer i parlamentet.[2]
Ho blei innsett i presidentembetet 13. mars 2020 som den første kvinnelege presidenten i Hellas,[20] og byrja i stillinga dagen etter.[3] Seremonien var avgrensa grunna den pågåande koronapandemien.[21]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.