From Wikipedia, the free encyclopedia
Kanelbolle, skillingsbolle eller «kanel i svingane» er namn på eit bollestort bakverk forma som ein spiral. Bolla har fått namna sine fordi ho inneheld mykje kanel mellom deiglaga, og fordi ho tidlegare kosta éin skilling.
Bolla er særleg kjend i Noreg og Sverige, men finst òg i USA som cinnamon bun.
For å laga ei kanelbolle treng ein hovudsakleg kveitemjøl, mjølk, gjær, sukker og sjølvsagt kanel. Ein kan òg ha kardemomme i deigen, medan bolla kan pyntast med melisglasur eller perlesukker.
4. oktober er utnemnd til «kanelbullens dag» i Sverige. På svensk kallar ein òg ofte alfakrøllteiknet for 'kanelbulle'.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.