Kallesignal
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kallesignal er eit kjenneteikn som identifiserer utsendaren av ei radiosending. Det kan bestå av eit namn (til dømes «Lillesand Radio») eller ein bokstavkombinasjon (til dømes «LAA») anten sendt på telefoni (opplesen ved hjelp av stemmen), eventuelt med det internasjonale fonetiske alfabet eller send på telegrafi ved hjelp av morsealfabetet.
Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Ein radiostasjon sitt oppkall til ein annan spesiell radiostasjon består av den andre stasjonen sitt kallesignal følgt av eige kallesignal. På amatørbanda er «CQ» oppkall til alle som mottek anropet. «Mayday» eller «SOS» er naudkalling til alle som mottek sendinga.
Eit kallesignal kan identifisera til dømes ein amatørradiostasjon, lokalradiostasjon, kringkastingsstasjon, kystradiostasjon, skipsradiostasjon, luftfartøy, flygekontrollenhet, satellittradiostasjon, politipatrulje, ambulanse, brannbil eller sentral for politi, brannvesen eller ambulanse.
Ein radiostasjon kan for identifikasjon bruka eit kallesignal i den internasjonale kallesignallista utarbeidde av SN sitt organ. I Noreg vert dette brukt av mange sivile radiostasjonar, men ikkje av kringkastingen som berre brukar det ordinære namnet på kanalen, t.d. «NRK kanal 1».
Militære stasjonar i NATO-land nytter anten kallesignal i den internasjonale kallesignallista eller eigne taktiske kallesignal som kan vera vanskelege å identifisera av ukjende og som dagleg vert endra.
Fly kan bruka registreringsbokstavane eller forkorting som kallesignal. LN-ABC kan verta til forkorta LBC og kallast med «lima bravo charlie». Rutefly brukar vanlegvis rutenummeret som kallesignal. SAS-Noreg sin rute SK 123 vert kalla med «Scanor123» medan Norwegians rute DY456 vert kalla med «Norshuttle 456». Ein luftambulanse kan kallast med «Helidoc 03».
Identifikasjon kan òg gjerast digitalt på kringkastingsmottakere i t.d. FM-bandet, slik at ein på ein liten skjerm kan avlesa namnet på stasjonen.