From Wikipedia, the free encyclopedia
Kahurangi nasjonalpark er ein nasjonalpark nordvest på Sørøya på New Zealand. Parken vart oppretta i 1996, og har eit areal på 4 520 km². Han er den nest største av dei fjorten nasjonalparkane på New Zealand, og vart danna ut frå den tidlegare North-west Nelson Forest Park.
Kahurangi nasjonalpark | |||
nasjonalpark | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Region | Tasman | ||
Kahurangi National Park 41.112°S 172.236°E | |||
Wikimedia Commons: Kahurangi National Park | |||
Kahurangi Point, som vert rekna som grensa mellom West Coast og Tasman, ligg i parken, det same gjer fottur-ruta Heaphy Track og Mount Owen.
Parken vert administrert av Miljøverndepartementet, Department of Conservation. Fotturar, rafting og grotteklatring er populære aktivitetar i parken. Etter å ha vore forbode i mange år, vart terrengsykling tillate på Heaphy Track[1] på prøvebasis for vintrane 2011, 2012 og 2013. I kor stor grad syklinga er til ulempe for fotturistane og dyrelivet, vil avgjera om forsøket vil halda fram eller ikkje.
I tillegg til dei pågåande vernetiltaka til Miljøverndepartementet, er der ein privat samskipnad som tek sikte på «å gjennomføra, i samarbeid med Miljøverndepartementet, ein strategi for å ta vare på eller føra attende trua flora og fauna i nedslagsfeltet til Flora Stream i Kahurangi National Park. Dette vil gje ei rikare oppleving for alle som vitjar dette populære området, og føra til auka verdsetjing og bruk av parken.»[2] «Samskipnaden har no om lag 30 kilometer med fangstlinjer, med feller med 100 meters mellomrom. Eit utryddingsprogram for veps er også på plass. Overvaking av fuglar står òg på foreininga sitt program.»[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.