Kabelsporvogn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Kabelsporvogn («kabeltrikk») er eit sporvognsystem for kollektivtransport som fungerer som vanlege sporvogner (trikkar), men skil seg frå dei ved at dei einskilde sporvognene ikkje har eigne motorar, men vert drege fram av eit ståltau, ein kabel, som ligg i ei langsgåande spalte (kanal) i gata midt mellom skjenene. Ståltauet vert halde i konstant fart av eit maskineri som står fast montert i eit maskinhus, og dei einskilde sporvognene på lina stoggar og startar ved å løyse seg frå eller hekte seg på ståltauet ved hjelp av ei gripeklo. Ståltauet går i ei endelaus sløyfe mellom endene på lina og det stasjonære maskineriet. Gripekloa som festar eller løyser vogna frå ståltauet, vart opphavleg manøvrert med handemakt av vognføraren, som òg skulle ta seg av dei mekaniske bremsene på vogna. Manøvreringa av gripekloa var tungt, og kravde dessutan ei viss varsemd for at vogna kunne starte utan for mykje rykk og napp og slitasje på tauet. Der kabelsporvegar var i brukt i seinare tider, vart dette gjort med automatiske mekanismar.