![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/77/Koege-Bugt-beach-areas.jpg/640px-Koege-Bugt-beach-areas.jpg&w=640&q=50)
Køge Bugt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Køge Bugt er ei bukt aust for Aust-Sjælland mellom Avedøre i nord og halvøya Stevns i sør. Den gamle byen Køge ligg sentralt i bukta. Det samla arealet til bukta utgjer om lag 500 km², og ho har ei middeldjupne på rundt 10 meter. Vatnet er lite salthaldig med ein saltprosent på berre rundt 1. Dette betyr ho har ein noko annleis økologi enn Kattegat.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/7/77/Koege-Bugt-beach-areas.jpg/640px-Koege-Bugt-beach-areas.jpg)
Langs bukta ligg ei rekkje lange sandstrender. Særleg området nord for Køge, mot Jersie, Solrød Strand og utanfor Ishøj ligg store strandområde, nokre av dei kunstig anlagte strender. Nord i bukta, utanfor kysten ved Brøndby Strand, Vallensbæk og Ishøj, ligg den store kunstige stranden Køge Bugt Strandpark.
Det er relativt godt fiske i bukta.
Bukta er mellom anna kjend for slaget i Køge bukt i 1677, under Gyldenløvefeiden, og slaget i Køge bukt i 1710, under Den store nordiske krigen.