From Wikipedia, the free encyclopedia
Kármánlinja er ei teoretisk definert grense i ei høgd på 100 km over havoverflata, meint som ein definisjon av skiljet mellom jordatmosfæren og verdsrommet utanfor. Om lag i denne høgda er atmosfæren så tynn at det teoretisk sett ikkje er mogleg å nytte fly. I røynda er difor Kármánlinja ei klassifisering av kva fly maksimalt kan yte for å oppnå store høgder. Slik definerer Kármánlinja skiljet mellom kva som er å rekne som luftfart og kva som er å rekne for romfart, sjølv om linja ligg langt høgare enn kva både vanlege fly og ballongar kan nå opp til, og eit godt stykkje under den grensa satellittar kan gå problemlaust i bane ikring jorda i.
Kármánlinja er fastsett av Fédération Aéronautique Internationale (FAI), og har fått namn etter Theodore von Kármán (1881-1963), av di han har gjeve viktige bidrag til utviklinga av definisjonen av denne grensa.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.