From Wikipedia, the free encyclopedia
Jorge Llopart Ribas, katalansk; Jordi Llopart Ribas (5. mai 1952–11. november 2020) var ein spansk kappgjengar frå El Prat de Llobregat i Katalonia som spesialiserte seg på 50 km. Han vart europameister på distansen i 1978 og vann OL-sølv i same i 1980.
Jorge Llopart | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 5. mai 1952 El Prat de Llobregat |
Død | 11. november 2020 (68 år) Badalona |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1988, Sommar-OL 1984, Sommar-OL 1980 |
Utmerkingar | Ordenen for sportsfortjenester, Silver Olympic Order |
Llopart gjekk heilt til topps då han i 1978 gjorde sin internasjonale meisterskapsdebut i Praha-EM. Han vann ein klar siger på 50 km, halvtanna minutt føre favoritten, Sovjetunionens Venjamin Soldatenko. Året etter presterte Llopart sin livsrekord på distansen då han 26. august vann ei tevling i Reus i Katalonia etter 3.44.33 tids gange. Under dei olympiske sommarleikane i Moskva i 1980 sikra han seg sølvmedaljen, frågått med to minuttar av Hartwig Gauder frå Aust-Tyskland. Sidan makta ikkje Llopart å vinne medaljar i dei store meisterskapane. Han kom på sjetteplass i EM 1982, sjuandeplass i Sommar-OL 1984 og vart niandemann i EM 1986.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.