Jordebok
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ei jordebok er eit register over landeigedommar som er eigd av ein person eller ein institusjon - det vil seie eigedommane i eit jordegods. Jordebøker frå mellomalderen er ei viktig kjelde til kunnskap om gamle eigedomstilhøve, busettingssoge og tyding av stadnamn.