From Wikipedia, the free encyclopedia
John Berkeley, 3. baron Berkeley av Stratton (1663–27. februar 1697) var ein engelsk admiral.
John Berkeley, 3. baron Berkeley av Stratton | |||
| |||
Fødd | 1663 | ||
---|---|---|---|
Død | 27. februar 1697 (33 år) | ||
Statsborgar av | Kongeriket England | ||
Yrke | offiser | ||
Mor | Christiana Riccard | ||
Far | John Berkeley, 1st Baron Berkeley of Stratton |
Han var den andre sonen til John Berkeley, 1. Baron Berkeley av Stratton og overtok tittelen etter faren då den eldste broren Karl, ein kaptein i marinen, døydde.
I desember 1688 vart han kontreadmiral for Royal Navy. Sommaren etter var han viseadmiral i den raude skvadronen under admiral Herbert og kjempa i lag med han i slaget ved Bantry Bay (1. mai 1689). Då Sir John Ashby døydde i juli 1693, vart han admiral i flåten under admiralane Killigrew, Delavall og Shovell. Den 8. juni 1694 tok Lord Berkeley del i åtaket på Brest og bombarderte same året Dieppe og Le Havre.
Sommaren etter, i 1695, utførte Berkeley fleire åtak mot den franske kysten og 4. juli bombarderte han St. Malo. I august gjekk han til åtak på Dunkerque og Calais, men påførte dei berre små skadar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.