![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d6/Johannisberg_%2528Hohe_Tauern%2529_2.jpg/640px-Johannisberg_%2528Hohe_Tauern%2529_2.jpg&w=640&q=50)
Johannisberg i Hohe Tauern
From Wikipedia, the free encyclopedia
Johannisberg (tidlagare Keeserkopf eller Herzoghut) er eit 3 453 meter høgt fjell i Glocknergruppa i Hohe Tauern, ein fjellkjede i dei austerrikske sentralalpane. Fjellet ligg på grensa mellom dei austerikske forbundslanda Salzburg og Kärnten. Dagens namn fekk fjellet til ære for erkehertug Johann av Austerrike.
Kjappe fakta
Johannisberg | ||
---|---|---|
![]() Johannisberg sett frå Kaiser-Franz-Josefs-Höhe | ||
Høgd over havet | 3 453 m o. A. | |
Område | Grensa mellom Kärnten og Salzburg i Austerrike | |
Fjellområde | Glocknergruppa i Hohe Tauern | |
Koordinatar | 47° 6′ 34″ N, 12° 40′ 22″ A | |
| ||
![]() Johannisberg sett frå sørvest (frå Eiskögele) |
Lukk
Sett frå aust er Johannisberg kuppelforma og firndekt. Vestsida er ein mektig, 450 meter høg og 50° steil vestvegg. Mot nordvest og sørvest går det ut lange egger. Toppen er lett å nå, og eit kjært mål for vandrarar og klatrarar.