Johann Heinrich Pestalozzi (12. januar 174617. februar 1827) var ein sveitsisk pedagog frå Zürich, mykje påverka Jean-Jacques Rousseau sine tankar om oppseding.

Pestalozzi oppretta fleire skular og heimar for fattige born. Skulane vekte interesse i vide krinsar og han vart omtala som far til folkeskulen. I skriftene sine, særleg i romanen Lienhard und Gertrud, utkom 1781–87 og på norsk i 1881, og i det metodiske hovudverket Wie Gertrud ihre Kinder lehrt (1801), understrekar han at til grunn for all undervisning må det ligge innstilling og sakkunnskap, samt forståing av korleis kunnskap vert formidla og stimulering av borns evne og trong til sjølvverksemd og oppleving av seg sjølv. For Pestalozzi har alle menneske det same verd, difor krevde han skulegong for alle born.

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.