From Wikipedia, the free encyclopedia
Jerash (i antikken Gerasa, gammalgresk Γέρασα) er det administrative senteret og den største byen i Jerash guvernement (محافظة جرش), nord i Jordan, 48 km nord for hovudstaden Amman. I 2010 hadde byen kring 42 000 innbyggjarar.
Jerash | |||
Gerasa, مدينة جرش | |||
by | |||
Den romerske byen Gerasa og den moderne Jerash (i bakgrunnen). | |||
Kallenamn: Austens Pompeii, Byen med 1000 søyler | |||
Land | Jordan | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Jerash guvernement | ||
Høgd | 600 moh. | ||
Koordinatar | 32°16′20.21″N 35°53′29.03″E | ||
Areal | 410 km² | ||
Folketal | 42 000 (2010)[1] | ||
- storby | 150 000 | ||
Grunnlagd | 2000 fvt. | ||
Retningsnummer | +(962)2 | ||
Jerash 32.272280555556°N 35.891397222222°E | |||
Kart som viser Jerash.
| |||
Wikimedia Commons: Jerash | |||
Nettstad: http://www.jerash.gov.jo | |||
Eit kraftig jordskjelv i år 749 øydela store delar av Jerash, og seinare jordskjelv, krigar og uro førte til ytterlegare øydelegging. Ruinane låg dekte under jorda i hundrevis av år før dei vart oppdaga av den tyske arkeologen Ulrich Jasper Seetzen i 1806.[2] På 1100-talet skal byen ha vore totalt fråflytta.[3] Namnet «Jerash» dukka opp att i osmanske skattelister mot slutten av 1500-talet.[4][5]
Jerash ligg i ruinane av den gresk-romerske byen Gerasa, som òg vart kalla «Antiokia ved den gylne elva». Gammalgreske inskripsjonar frå byen, i tillegg til skriftlege kjelder frå både Iamvichou og Etymologicum Magnum stadfestar at byen vart grunnlagd av Aleksander den store eller generalen hans Perdiccas, med pensjonerte, makedonske soldatar. Dette skjedde våren 331 fvt., då Aleksander drog frå Egypt, kryssa Syria og drog vidare til Mesopotamia. Han vert stundom villeiande kalla «Austens Pompeii», på grunn av omfanget av utgravingane og godt bevarte dei er (sjølv om Jerash aldri vart gravlagd av ein vulkan). Jerash vert rekna som ein av dei viktigaste og best bevarte romerske byen i Det nære austen. Han var ein by i Dekapolis.
Jerash var fødestaden til matematikaren Nikomakhos av Gerasa (gresk Νικόμαχος) (ca. 60–ca. 120).
Nyare utgravingar har avdekt at Jerash alt var busett i bronsealderen (3200 fvt.-1200 fvt.). Etter den romerske erobringa i 63 fvt., vart Jerash og området rundt annektert av den romerske provinsen Syria, og vart seinare med i Dekapolis-forbundet. I 90 evt. vart Jerash ein del av den romerske provinsen Arabia, som omfatta byen Filadelfia (dagens Amman). Romarane sikra tryggleik og fred i området, som gjorde at folk kunne bruke tida si på økonomisk utvikling og oppfordra til offentleg bygningsaktivitet.
På andre halvdelen av det første hundreåret evt. vart Jerash særs velståande. I 106 evt. bygde keisar Trajan vegar gjennom provinsen og meir handel kom til Jerash. Keisar Hadrian vitja Jerash i 129-130 evt.. Triumfbogen (eller Hadrianbogen) vart bygd for å feire vitjinga hans.
Byen nådde til slutt ein storleik på kring 800 000 kvadratmeter innafor bymurane. Den persiske invasjonen i år 614 førte til rask nedgang for Jerash. Men byen fortsette å bløme under omajadane. I 749 øydela eit kraftig jordskjelv mykje av Jerash og området rundt. I denne perioden av krosstoga vart somme av monumenta gjorte om til festningar, inkludert Artemistempelet. Det var ei mindre busetjing i Jerash under ajjubidane, mamelukkane og i den osmanske tida. Utgravingar og restaurering av Jerash har halde fram nesten kontinuerleg sidan 1920-åra.
Av funn frå oldtidsbyen Jerash finn ein:
Dei fleste av desse monumenta vart bygd med donasjonar frå rike byborgarar.
Jerash har utvikla seg dramatisk det siste hundreåret i takt med den auka turistindustrien i byen. Jerash er no det nest mest populære turistmålet i Jordan, tett etter ruinane i Petra. Ruinane har blitt forsiktig bevart og ein har klart å halde veksten til den moderne byen utafor dei gamle bymurane.
I nyare tid har byen Jerash blitt utvida til å omfatte mange av dei kringliggande landsbyane, som Souf, Dairelliat, Thougretasfour, Jaba, Aljbarat og Majar. Andre viktige landsbyar i guvernementet er: Kitteh, Sakib, Nahlé, Burma, Mustabah, Jubba, Raimoun, Kufr Khall, Balila og Qafqafa.
Sidan 1981 har byen halde Jerashfestivalen,[6] ein tre veker lang festival med dans, musikk og teater. Festivalen har ofte hatt besøk frå kongefamilien i Jordan, og vert rekna som den største kulturhendinga i regionen.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.