![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/12/Yegoshikha_River_1.jpg/640px-Yegoshikha_River_1.jpg&w=640&q=50)
Jegosjikha
From Wikipedia, the free encyclopedia
Jegosjika (russisk Егошиха) er ei elv i Perm i Russland og ei av sideelvane til Kama frå venstre i nedslagsfeltet til Volga.
Kjappe fakta Land, Lengd ...
Jegosjika | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Lengd | 9 km | ||
Kjelde | Perm | ||
Munning | Kama | ||
![]() Jegosjikha 58.021791°N 56.254315°E / 58.021791; 56.254315 | |||
Wikimedia Commons: Yegoshikha River | |||
Lukk
Trass i at ho berre er 9 km lang er ho historisk viktig. Ho renn hovudsakleg gjennom sjølve byen Perm og spring ut frå eit skogområde nær bydelane Lipovaja Gora og Vladimirskiij. Elva renn langs Jegosjikha-ravinen, som deler Perm i to på venstrebreidda av Kama. To demningar og ei bru kryssar elva. Langs Jegosjika ligg mange små hus, Den sørlege gravplassen og Jegosjika gravplass. Jegosjika renn ut i Kama nær elvehamna Perm I.