![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/0/07/Jean-Fran%25C3%25A7ois_de_Troy_-_Self-portrait.jpg/640px-Jean-Fran%25C3%25A7ois_de_Troy_-_Self-portrait.jpg&w=640&q=50)
Jean-François de Troy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Jean-François de Troy (27. januar 1679–26. januar 1752) var ein fransk målar og gobeleng-designer under rokokkoen, fødd i Paris. Han er i dag best kjend for sine lette, innsmigrande sjangermåleri med motiv frå livet til den franske eliten.
Kjappe fakta
Jean-François de Troy | |
![]() | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 27. januar 1679 Paris |
Død |
26. januar 1752 (72 år) |
Yrke | kunstmålar |
Sjanger | portrett |
Medlem av | Académie royale de peinture et de sculpture |
Far | François de Troy |
Jean-François de Troy på Commons |
Lukk
Han var av målarslekt, faren François de Troy (1645–1730) var ein etterspurd portrettmålar. Faren var den fyrste læremeisteren hans, og den som kosta på han den fyrste reisa til Italia. Troy budde i Roma frå 1699 til 1706, men under opphaldet besøkte han også mange av dei norditalienske byane.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/da/Jean-Fran%C3%A7ois_de_Troy_-_An_Allegory_of_Time_Unveiling_Truth_-_WGA23082.jpg/640px-Jean-Fran%C3%A7ois_de_Troy_-_An_Allegory_of_Time_Unveiling_Truth_-_WGA23082.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/50/Jean-Fran%C3%A7ois_de_Troy_-_Le_D%C3%A9jeuner_d%E2%80%99hu%C3%AEtres_-_Google_Art_Project.jpg/640px-Jean-Fran%C3%A7ois_de_Troy_-_Le_D%C3%A9jeuner_d%E2%80%99hu%C3%AEtres_-_Google_Art_Project.jpg)