From Wikipedia, the free encyclopedia
Jamtli er namnet på Jämtlands läns museum i Östersund i Sverige. Museet har eit friluftsområde med kulturhistoriske bygningar og miljø, og dessutan innandørs faste og vekslande arkeologiske og kulturhistoriske utstillingar. Klenodiet i samlingane er veggteppa Överhogdalstapeten frå vikingtida/mellomalderen med eit mylder av figurar som det til no ikkje er gjeve fullgode tydingar av.
Jamtli | |||
| |||
Stad | Östersunds kommun | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1912 | ||
Jamtli 63.186388888889°N 14.635833333333°E |
Namnet «Jamtli» tydar 'lia til jemtane', og synar til terrengtilhøva på staden. Opphavleg var dette namnet på friluftsmuseet, medan innandørssamlinga heitte Jämtlands läns museum. Dei to musea vart slegne saman i 1974, i samband med at Jämtlands läns landsting og Östersunds kommun organiserte musea som stiftinga Jämtlands läns museum. Frå 2008 vart namnet Jamtli teke i bruk om heile museet.
Museet vart skipa i 1912 av Jämtlands läns fornminnesförening, Jämtlands läns konstförening og Föreningen Jämtslöjd. Den fyrste museumsbygningen var teikna av arkitekt Frans Bertil Wallberg og teke i bruk i september 1930. Ein ny museumsbygning nedanfor det opphavlege museet vart påbyrja i 1990 og opna i 1995.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.