Jacob Sverdrup Smitt
norsk politikar og prest / From Wikipedia, the free encyclopedia
Jacob Sverdrup Smitt (6. januar 1835–6. juni 1889) var ein norsk biskop og stortingsmann.
Kjappe fakta Fødd, Død ...
Jacob Sverdrup Smitt | |||
| |||
Fødd | 6. januar 1835 Nordre Land kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 6. juni 1889 (54 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | prest, politikar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Oslo | ||
Verv | Biskop i Tromsø stift 1876–1885 | ||
Føregangar | Fredrik Waldemar Hvoslef | ||
Etterfylgjar | Johannes Nilsson Skaar | ||
Verv | Biskop i Kristiansand stift 1885–1889 | ||
Føregangar | Jørgen Tandberg | ||
Etterfylgjar | Johan Christian Heuch | ||
Alle verv |
|
Lukk
Smitt var fødd i Nordre Land. Han vart teologisk kandidat ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo i 1860. Frå 1862 kapellan på Voss, sidan lærar også. 1865 flytta han til Hammerfest og underviste ved ein borgarskule i byen, to år etter vart han sogneprest i byen. Han var biskop i Tromsø stift 1876–85, seinare i Kristiansand frå 1885 til han døydde i 1889.
I tre periodar (1874–1882) representerte han Tromsø, og byane i Finnmark på Stortinget, frå 1877 var også Bodø med i valkrinsen. Han var også lagtingspresident 1880–82. Mest alle stortingssesjonane var han jamnt medlem av kyrkjekomiteen.
Han døydde på Holla prestegard under ei visitasreise.