Bladhøns
fuglefamilie / From Wikipedia, the free encyclopedia
Bladhøns er ein biologisk familie, Jacanidae, av åtte artar tropiske vadefuglar. Det mest karakteristiske trekket ved bladhøns er enorme føter og klør som gjer dei i stand til å vandre rundt på flytande vegetasjon på grunne innsjøar.
Bladhøns | |
Afrikabladhøne, Actophilornis africanus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Bladhøns Jacanidae Stejneger, 1885 |
Dei har spisse nebb og avrunda venger, og mange artar har også hudlappar på i panna. Hoene er større enn hannane. Som hos symjesnipene tar hannfuglane ansvar for ruging og nokre artar som gulpannebladhøna er polyandriske. Men vaksne av begge kjønn ser like ut, som dei fleste andre vade-, måse- og alkefuglar. Dei konstruerer relativt spinkle reir på flytande vegetasjon, og legg egg med mørke uregelmessige linjer på skala som gjev kamuflasje blant ugras i vatnet.
Kosthaldet er insekt og andre virvellause dyr som dei plukkar frå den flytande vegetasjonen eller frå vassflata.
Dei fleste artane er standfuglar, men fasanbladhøner migrerer frå nordlege del av utbreiingsområdet sør til den indiske halvøya og til Søraust-Asia.