Iwi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Iwi er dei største samfunna av maoriar på New Zealand. I føreuropeisk tid var uttrykket iwi synonymt med nasjon; det gav uttrykk for det samfunnet ein person rekna seg som medlem av og kjende truskap og forpliktingar til. Etter kvart som det newzealandske samfunnet har utvikla seg til ei mykje større sosial eining, har nemninga fått ei tyding analog til «stamme» eller «klan».
Iwi-grupper kan føra slekta si attende til dei opphavlege maoriinnvandrarane som kom frå Hawaiiki, i alle fall etter tradisjonen.