Ivars Godmanis
latvisk politikar From Wikipedia, the free encyclopedia
Ivars Godmanis (fødd 27. november 1951) er ein latvisk politikar, og var statsminister i Latvia frå 7. mai 1990 til 3. august 1993, og igjen frå 20. desember 2007 til 12. mars 2009]]. Han leiar det liberale partiet Latvijas Ceļš ('Den latviske vegen').
Ivars Godmanis | |||
| |||
Fødd | 27. november 1951 (72 år) Riga | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Latvia | ||
Yrke | politikar, fysikar | ||
Institusjonar | Universitetet i Latvia | ||
Utdanna ved | Universitetet i Latvia Riga statsgymnas nr. 1 | ||
Verv | Statsminister i Latvia 1990-1993 | ||
Føregangar | Vilnis-Edvīns Bresis | ||
Etterfylgjar | Valdis Birkavs | ||
Verv | Statsminister i Latvia 2007-2009 | ||
Føregangar | Aigars Kalvītis | ||
Alle verv |
Godmanis vart fødd i Riga. Han var den første ikkje-kommunistiske statsministeren i Latvia etter den sovjetiske okkupasjonen då han tok over vervet i 1990, som medlem av Den latviske folkefronten (Latvijas Tautas Fronte), den breie sjølvstenderørsla. Han vart òg den første statsministeren i det sjølvstendige Latvia då landet forlet Sovjetunionen i 1991. Han var seinare finansminister frå 1998 til 1999, etter å ha blitt med i Latvijas Ceļš i 1997.
Ved parlamentsvalet 7. oktober 2006 fekk Latvijas Ceļš 8,6 % av røystene, og vart med i ei koalisjonsregjering saman med det konservative Tautas Partija (Folkepartiet) og to andre parti, under statsminister Aigars Kalvītis. Godmanis vart innanriksminister. I november 2007 måtte Kalvītis gå av, og Godmanis vart ny statsminister i desember, i ei koalisjonsregjering basert på dei same partia. Tidleg i 2009 måtte han gå av som ei følgje av den internasjonale finanskrisa, som råka Latvia hardt.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.