Irsk folkemusikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Irsk folkemusikk er ein sjanger innan folkemusikken med opphav i irsk musikk. Sjangeren er kjend over heile verda, har påverka fleire andre musikkstilar og blir også spelt av ikkje-irske musikarar. Han er ei av få formar for folkemusikk har han halde på populariteten sin gjennom heile 1900-talet, ein periode der mange andre typar av tradisjonsmusikk blei erodert av det verdsomspennande tilbodet av popmusikk. På trass av emigrasjon og kontakt med musikk frå Storbritannia og USA har den irske folkemusikken halde fast på mange av dei tradisjonelle aspekta sine, og sjangeren har sjølv vore med på å påverka sjangrar som amerikansk folkemusikk, rock og punk-rock. Mange kunstnarar har fusjonert irske musikalske røter med andre musikalske påverknader og oppnådd brei suksess.
Noko av styrken i irsk folkemusikk kan koma av at økonomien i landet var landbruksbasert lenger enn i mange andre europeiske land. Musikken fornya seg også gjennom migrasjon til og frå USA. Her haddde The Clancy Brothers stor suksess i 1960-åra, noko som igjen gjorde irsk folkemusikk meir populær og respektabel heime i Irland, særleg gjennom musikkgrupper som The Dubliners og The Chieftains.
På 1970- og 1980-talet blei skiljet mellom tradisjonelle musikarar og rockemusikarar uklar, ettersom mange musikarar veskla mellom sjangrane i repertoara sine eller i særskilde nummer. Artistar som U2, The Corrs, Van Morrison, Sinéad O'Connor og The Pogues kan alle omtalast som musikarar som hentar noko av inspirasjonen sin frå den irske folkemusikken.
Samstundes har irsk folkemusikk framleis ein så stor popularitet at mange har prøvd å venda tilbake til røtene av sjangeren. Det finst òg nye grupper som held seg tett til den opphavlege lyden, som Gaelic Storm, Lúnasa, Kila og Solas. Andre folkemusikarar tek opphavleg musikk frå mange kulturar og lagar fusjons-folkemusikk. Som døme kan ein nemna Afro Celt Sound System og Loreena McKennitt.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.