From Wikipedia, the free encyclopedia
Irokesiske språk er ein nordamerikansk språkfamilie som mellom anna cherokesisk, mohawk og det utdøydde mingospråket høyrer til.
Irokesiske språk | ||
Vidare inndeling: |
| |
Område: | Austlege Nord-Amerika | |
Glottolog: | iroq1247 | |
ISO 639-2/5: | iro | |
ISO 639-5: | iro | |
|
Språkfamilien består av 9 språk, i tillegg til åtte eller fleires språk som vart snakka ved tida for kontakt med europearane[1]. Cirka halvdelen av språka i familien har altså døydd ut etter at europearane kom til Nord-Amerika.
Språkfamilien kan delast i to greiner: Sørirokesisk, som består av cherokesisk, og nordirokesisk, som består av seneca, cayuga, onondaga, oneida, mohawk, wendat (huron), wyandot (petun), og tuscarora. Den indre inndelinga av nordirokesisk er omstridd (sjå Julian 2010, Schillaci m.f. op.cit.), men alle er samd om å gruppere oneida og mohawk i lag.
Schillaci har følgjande inndeling, der hovudgruppene er ordna frå nord til sør, og undergruppene frå aust til vest:
Nordirokesisk |
| |||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Sørirokesisk | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Dei irokesiske språka markerer grammatiske relasjonar på verbet, som kongruerer med subjektet og objektet i person og numerus, til skilnad frå t.d. indoeuropeiske språk, der grammatiske relasjonar blir markert med kasus på substantiva. Substantivmorfologien i dei irokesiske språka er enkel[2].
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.