Ingemar Stenmark
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ingemar Stenmark (fødd 18. mars 1956) er ein svensk tidlegare alpinist frå Joesjö ved Tärnaby som vann verdscupen i alpine greiner tre år på rad, 1976-78, og vart dobbelvinnar både under verdsmeisterskapen 1978 og vinterleikane 1980. I 1982 vart han verdsmeister i slalåm. Stenmark vann i alt fem gullmedaljar, ein sølv- og ein bronsemedalje i OL og VM i tida 1976-82. I verdscupen i alpine greiner er han den mestvinnande utøvaren sidan tevlingane kom i gang i 1967. I tida frå desember 1974 til februar 1989 vann han 86 renn i verdscupen, 46 i storslalåm og 40 i slalåm.
Kjappe fakta
Ingemar Stenmark | |
![]() | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 18. mars 1956 (68 år) Joesjö |
Yrke | alpinist |
Høgd | 181 centimeter |
Ingemar Stenmark på Commons |
Lukk