Infrared Astronomical Satellite (IRAS) var eit internasjonalt romteleskopprosjekt med USA, Nederland og Storbritannia som medlemer. Hovudmålet med prosjektet var å kartleggja alle himmelretningane i det infraraude for fyrste gongen, slik at ein kunne finna himmellekamar med temperaturar på mellom ti og nokre hundre kelvin. Teleskopet vart skote opp 26. januar 1983 og var operativt frå februar til det gjekk tomt for flytande helium den 22. november same året. Teleskopet rakk å kartleggja 98% av himmelen før prosjektet var over. Spegelen til teleskopet hadde ein diameter på 60 cm.

Thumb
Illustrasjon av IRAS i bane rundt jorda

Mellom oppdagingane til IRAS var den uvanlege asteroiden 3200 Phaethon og seks kometar. IRAS-katalogen som vart gjeven ut i 1984 inneheldt 245 000 infraraude punktkjelder, noko som var meir enn ti gonger talet ein kjende til før oppskytinga.

Kjelder

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «Infrared Astronomical Satellite» s. 196-197 i Philip's Astronomy Encyclopedia gjeven ut i 2002.

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.