Incantations
From Wikipedia, the free encyclopedia
Incantations er det fjerde studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut 1. desember 1978 på Virgin Records. Etter utgjevinga av det førre albumet, Ommadawn (1975), flytta Oldfield inn i ein ny heim i Bisley i Gloucestershire, der han sette opp eit nytt innspelingsstudio. Han byrja på ein oppfølgjar i 1977, som tok form som eit dobbeltalbum med eit einaste langt spor kvar av dei fire LP-sidene. Olsfield ønskte å bruke verkelege sverjingar (incantations på engelsk) i musikken, men enda opp med å bruke folketru som eit laust tema gjennom plata, som jaktgudinna Diana. Sjølv om albumet er hovudsakleg instrumentalt, er det delar med tekst tilpassa frå verk av diktarane Henry Longfellow og Ben Jonson. Oldfield fullførte eit sjølvmedvitsseminar kalla Exegesis medan han spelte inn Incantations.
Incantations Studioalbum av Mike Oldfield | ||
Utgjeve | 1. desember 1978 | |
Innspelt | Desember 1977 til september 1978 | |
Studio | Througham Slad Manor i Bisley i Gloucestershire | |
Sjanger |
| |
Lengd | 72:44 | |
Selskap | Virgin | |
Produsent | Mike Oldfield | |
Mike Oldfield-kronologi | ||
---|---|---|
Ommadawn (1975) |
Incantations | Exposed (1979)
|
Incantations nådde 14. plassen på UK Albums Chart, og vart det første albumet hans som ikkje nådde topp 5 i Storbritannia. Det vart marknadsført med den første konsertturneen til Oldfield som soloartist, der han framførte alle dei fire delane av Incantations på scenen med band, orkester og kor. Albumet kom ut på ny i 2000 og 2011, siste gongen med ein ny stereomiks og ekstra innhald, inkludert den disco-aktige singelen «Guilty» frå 1979 og filmklipp frå konsertalbumet Exposed frå 1979.