Iași
From Wikipedia, the free encyclopedia
Iași (/jaʃʲ/) er ein by og ein kommune nordaust i Romania. Han var hovudstad i Moldavia frå 1500-talet til 1861 og i Kongedømet Romania mellom 1916 og 1918 under den første verdskrigen.
Iași | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Romania | ||
Fylke | Iași | ||
Grunnlagd | 1408 | ||
Borgarmeister | Gheorghe Nichita | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By - Storbyområde |
93,9 km² 787.8 km² | ||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2021) - folketettleik - Storbyområde |
271 692 2 893,4 /km² 452 742 | ||
Koordinatar | 47°09′44″N 27°35′20″E | ||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 700xxx | ||
Retningsnummer (tlf) | +40 x32 | ||
Bilnummer | IS | ||
Nettstad: www.primaria-iasi.ro |
Han er den nest største byen i Romania og eit økonomisk, kulturelt og akademisk senter i regionen Moldavia. Byen har det eldste universitetet i landet og årleg held over 60 000 studentar til på fem offentlege og tre private universitet i byen. Her er meir enn 50 kyrkjer og fem kultursenter. Kulturlivet krinsar om Nasjonalteateret (det eldste i Romania), Operahuset, Det nasjonale filharmoniske orkesteret, Tătărași Atenuem, ein botanisk hage (den eldste og største i Romania), Det sentrale universitetsbiblioteket (det eldste i Romania), mange museum og minnehus, eit sjølvstendig teater og fleire studentorganisasjonar.