norsk høgskole From Wikipedia, the free encyclopedia
Høgskolen i Vestfold (HiVe) var ein høgskole i Vestfold, og ein av 24 statlege høgskolar i Noreg, før skulen 1. januar 2014 vart slegen saman med Høgskolen i Buskerud til ein høgskule med namnet Høgskolen i Buskerud og Vestfold.
Høgskolen i Vestfold | |||
| |||
Grunnlagt | 1994 | ||
---|---|---|---|
Type | Statleg høgskole | ||
Stad | Bakkenteigen ved Horten i Vestfold | ||
Studentar | 4 200 | ||
Tilsette | 400 | ||
Nettstad | http://www.hive.no/ | ||
Erstatta av | Høgskolen i Buskerud og Vestfold |
Høgskolen i Vestfold vart skipa i 1994, då tre statlege høgskolar i Horten og Tønsberg vart samanslegne som fylgje av Høgskulereforma det året. Frå 1994 til 2010 var høgskolen lokalisert både i Borre ved Horten og på Eik utanfor Tønsberg. Frå skulestart 2010 vart all verksemda lokalisert på Bakkenteigen i Borre. I tillegg dreiv HiVe eit studiesenter i Tollboden i Larvik med om lag 60 studentar.
Høgskolen tilbaud fag- og profesjonsstudie innan maritime fag, sjukepleie, ingeniør, samfunnsfagleg og pedagogisk utdanning, som kunne takast i varierande lengder frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og enkelte doktorgradsprogram, samt ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Frå hausten 2010 var høgskolen inndelt i fire fakultet:
Høgskolen tilbaud mastergrader i:
Høgskolen tilbaud også internasjonalisering av studia.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.