Høgskolen i Akershus
From Wikipedia, the free encyclopedia
Høgskolen i Akershus (HiAk) blei skipa 1. august 1994 og hadde omkring 3900 studentar og 300 tilsette i 2010. Høgskolen var ein av 24 statlege høgskular i Noreg. HiAk var eit resultat av at fem statlege høgskular i Oslo-området blei slått saman som ein del av Høgskulereforma i 1994.
Høgskolen vedtok samanslåing med Høgskolen i Oslo den 9. desember 2010. Den nye høgskolen vart oppretta den 1. august 2011 og fekk namnet Høgskolen i Oslo og Akershus.