Universitetet i Agder (UiA) er eit norsk universitet i Agder fylke meir enn 14 000 studentar og 1 500 tilsette.

Kjappe fakta Grunnlagt, Type ...
Universitetet i Agder
Thumb
Grunnlagt1. august 1994
TypeOffentleg universitet
StadKristiansand kommune
Studentar14 096 (2022)
Tilsette1 554 (2022)
Org.nummer970546200
Nettstadhttp://www.uia.no
ErstattarHolt seminar
Lukk
Thumb
Hovudinngangen til UIA, Kristiansand.

Det vart stifta som Høgskolen i Agder den 1. august 1994, og fekk universitetsstatus den 1. september 2007, som det sjuande universitetet i Noreg. Universitetet består av seks fakultet og ei avdeling for lærarutdanning, og har campusar i Kristiansand og Grimstad. Tidlegare var det ei avdeling for helseutdanning i Arendal, men denne vart nedlagd i 2010. I 2017 vart Agder naturmuseum og botanisk hage del av Universitetet i Agder.

Universitetet tilbyr kring 160 fag- og profesjonsstudiar innan økonomi og leiing, teknologi- og ingeniørfag, humanistiske fag, matematikk, sjukepleie, pedagogikk, musikk, kunstfag og meir. Studiane kan utførast i varierande lengder frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og doktorgradstudiar, i tillegg til ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar. Rektor ved universitetet er frå 2019 Sunniva Whittaker.

Universitetet er også medeigar i statsaksjeselskapet Norwegian Research Centre.

Fakultet

Universitetet i Agder er delt inn i seks fakultet, i tillegg til ei eiga avdelinga for lærarutdanning:[1]

  • Fakultet for helse- og idrettsfag
  • Fakultet for humaniora og pedagogikk
  • Fakultet for kunstfag
  • Fakultet for teknologi og realfag
  • Fakultet for samfunnsvitenskap
  • Handelshøyskolen ved UiA
  • Avdeling for lærarutdanning

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.