![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/83/H%25C3%25A5logaland_Teater.jpg/640px-H%25C3%25A5logaland_Teater.jpg&w=640&q=50)
Hålogaland teater
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hålogaland Teater er eit regionteater for Nord-Noreg. Teateret vart etablert i 1971 som det første regionteateret i Noreg og det første profesjonelle teateret i Nord-Noreg. Det starta verksemda si 15. august 1971.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/83/H%C3%A5logaland_Teater.jpg/640px-H%C3%A5logaland_Teater.jpg)
Læraren, forfattaren og kulturpersonlegdomen Lars Berg kjempa heile livet sitt for eit nordnorsk teater. Nordnorsk mål på nordnorsk scene var Lars Bergs kongstanke – det skulle vise seg at pionergruppa som tok fatt på oppgåva i 1971 ikkje slo igjennom hos det nordnorske publikumet før dei tok nordnorsk dialekt i bruk på scena. Sida har nordnorsk prega alle teateret framsyningane sine fram til i dag.
Opphavleg hadde ein teateroppsettingar i heile Nord-Noreg, men etter starten av Nordland Teater fokuserer teateret hovudsakleg på oppsettingar i Troms og Finnmark. Hovudsetet ligg i Tromsø, der Hålogaland Teater tok i bruk sitt eige teaterbygg den 4. november 2005. Teateret hadde per 21. februar 2006 over 50 tilsette.