Hyrdestare
art av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Hyrdestare (Acridotheres tristis) er ein sporvefugl i starefamilien. Hyrdestaren har opphavleg utbreiingsområde i Asia, og er introdusert til store delar av verda. Dette er ein altetande fugl, og han lever i opne skogsområde og har tilpassa seg særs godt til urbane miljø. Han er sterkt territorial.
Hyrdestare | |
![]() Frå Cape Town i Sør-Afrika Foto: Dick Daniels | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig![]() Utbreiingskart. Blått viser det opphavlege området, raudt viser område der han lever som ein invasiv art. | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Starefamilien Sturnidae |
Slekt: | Acridotheres |
Art: | Hyrdestare A. tristis |
Vitskapleg namn | |
Acridotheres tristis |
Hyrdestare er eit viktig motiv i indisk kultur og blir skildra både i sanskrit- og prakrit-litteratur. Det engelske artsnamnet myna er avleidd frå hindiordet mainā som vidare kjem frå sanskrit madanā.[1][2]
Utbreiinga av hyrdestarar aukar i ei så stor fart at IUCN i 2000 erklærte han som ein av dei mest invaderande artane i verda og ein av berre tre fuglar blant dei 100 artane som utgjer ein innverknad på biologisk mangfald, landbruk og menneskelege interesser.[3] Spesielt utgjer arten ein alvorleg trussel mot økosystema i Australia.[4]
Skildring
Foto: T G Santosh
Hyrdestarar er enkle å identifisere med si brune og svarte fjørdrakt, lyst gule nebb og bein og eit gult fjørlaust område bak auget. Hovudet og halsen er svart. Dei har ein kvit flekk på ytre primærfjører og dekkfjørene på undersida av vengen kvite. Undergumpen og tuppane av undersida på halen er òg kvite. Kjønna er like, og fuglane er vanlegvis sett parvis.[5] Kroppslengda er ca. 23 centimeter og dei veg i området frå ca. 110 til 138 gram, hofuglane er størst.[6]
Hyrdestarar varierer i utsjånad ved at fuglar frå nordvestre India har tendens til å vere bleikare enn dei mørkare fuglane i Sør-India, i samsvar med regelen til Gloger.[6][7]
Dette er ein fugleart som var stadeigen til Asia med opphavleg leveområde som strekkjer seg frå Iran, gjennom heile Sør-Asia inkludert Pakistan, India, Nepal, Bhutan, Bangladesh og Sri Lanka, og dessutan Turkmenistan, Afghanistan, Kasakhstan, Kirgisistan, Usbekistan, Tadsjikistan, Myanmar, til Malaysia, Singapore, Den thailandske halvøya, Indokina og Kina.[6][8]
Hyrdestarar har blitt innført i mange andre delar av verda som Canada, Australia, Israel, New Zealand, Ny-Caledonia, Hawaii, Sør-Afrika og øyar i Indiahavet, Atlanterhavet og Stillehavet.[6] Utbreiinga av hyrdestarar aukar i den grad at IUCN Species Survival Commission i år 2000 erklærte han blant verdas 100 vondaste invasive artar.[3]
Vokalisering og kvile
Songen omfattar kvekking, hese skrik, kvitring, klikking fløyting og «knurring», og fuglen bruser ofte fjørene sine og vippar hovudet opp og ned under songen. Hyrdestarar skrik åtvaringar til partnaren sin eller andre fuglar i tilfelle av rovdyr i nærleiken eller når dei i ferd med å ta av for flukt.[9] Hyrdestarar er populære som burfuglar på grunn av evnene til å vokalisere variert. Dei er sosiale fuglar som samlar seg på felles kvileplassar om natta, og før dei fell til ro om kvelden, vokaliserer dei høgt i samklang. Støyen tar til att under oppvakning før soloppgang.[10]
Hyrdestarar samlar seg på felles overnattingsplassar heile året, anten i reine flokkar eller i blanda flokkar med krattstare, rosenstare, huskråke, tjukknebbkråke, kuhegre, halsbandparakitt og andre fuglar. Storleiken på slike flokkar kan variere frå under hundre til tusenar av fuglar.[10][11]
Funksjonen til ein felles kvileplass er å synkronisere ulike sosiale aktivitetar, unngå rovdyr, og å utveksle informasjon om matkjelder.[12]
Hekking

Foto: J.M. Garg

Ein trur hyrdestarar finn ein partnar for livet. Dei hekkar gjennom store delar av året avhengig av staden dei lever på, og byggjer reira sine i eit holt tre eller i ein vegg. Dei hekkar frå havnivå opp til 3000 moh. i Himalaya.[6]
Normalt er det 4-6 egg i kullet. Rugetida er 17-18 dagar og perioden fram til ungane flyg er 22 til 24 dagar.[6] Grønnebbkoelar er nokre gongar parasittiske på denne arten.[13] Hyrdestarar nyttar mellom anna kvistar, røter og menneskeleg avfall som reirmaterialar.
Hyrdestarar kan gjenbruke reirplassar etter hakkespettar, parakittar og andre, og tar gjerne i bruk fuglekassar. Dei kan kaste ut ungar av andre artar. Denne aggressive åtferda blir trudd å medverke til suksessen som ein invasiv art.[14]
Mat og beiting
Som dei fleste andre stareartar er hyrdestarar altetande. Dei beitar på insekt, edderkoppar, krepsdyr, krypdyr, små pattedyr, frø, korn og frukt og søppel. Nede på bakken blant menneskeleg gras finn dei insekt, og spesielt grashopper, det er reflektert i slektsnamnet Acridotheres, 'grashoppejeger'. Han lever likevel av eit breitt spekter av insekt, hovudsakleg plukka frå bakken.[6][15] Dette er ein pollinator av blomar som Salmalia og Erythrina. Dei flyttar seg på bakken med sporadiske hopp og er ein opportunistisk jeger etter insekt som blir forstyrra av beitande storfe og dessutan når grasmarker brenn.[6]
Habitat
Denne talrike sporvefuglen finn ein vanlegvis i opne skogsterreng, dyrka område og rundt bustader. Sjølv om dette er ein tilpassingsdyktig art, har populasjonen i Singapore og Malaysia minka monaleg på grunn av konkurransen med dei innførte javastarane der.[16]
Introdusert art
Effekt på økosystema og menneske
Hyrdestarar trivst i byar og forstadsmiljø, i Canberra til dømes, vart 110 hyrdestarar sette ut mellom 1968 og 1971. I 1994 hadde dei etablert seg med 75 fuglar per kvadratkilometer i eit område som ble undersøkt.[17] Saman med europeiske starar, gråsporvar og byduer er hyrdestarar til skade for bygga i byen, reira deira blokkerer takrenner og avløpsrøyr, årsaker vasskadar på byggeksteriør.[18]
Hyrdestare er ein hòlerugar. Jamført med innfødde artar er hyrdestarar ekstremt aggressive, og hekkande hannfuglar vil aktivt verne om område som strekkjer seg opp til 0,83 hektar i storleik, jamvel om hannar i bystrøk berre forsvarer området umiddelbart rundt reiret.[19]
Denne aggressiviteten har aktivert hyrdestarar å fortrenge mange hekkande par av innfødde hòlerugarar, og har dermed redusert formeiringssuksessen deira. Spesielt har reproduksjonstal av papegøyar i krattland i Aust-Australia blitt reduserte med opptil 80 % etter introduksjon av hyrdestarar.[20]
Trugsmål mot landbruk
Hyrdestarar utgjer ein trussel mot blåbæravlingar i Australia.[21] På Hawaii, der hyrdestarar vart introduserte for å kontrollere larver som skadedyr på sukkerrøyrplantasjar, har fuglen bidrege til å spreie den robuste ugrasplanten Lantana camara over dei opne grasslettene på øyane.[22] Dei er òg rekna som skadedyr for fruktindustrien på Hawaii.[23]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.