Hundreårskrigen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hundreårskrigen er namnet moderne historikarar har gjeve til ei rad konflikter eller krigar i seinmellomalderen utkjempa gjennom 116 år. Hovudmotstandarane var England og Frankrike. I tillegg kom Burgund. Dei var på krigsfot meir eller mindre samanhengjande frå 1337 til 1453. Av dette kjem namnet hundreårskrigen. Hundreårskrigen vert i ettertid mellom anna hugsa i samband med soga om ei ung jente frå Orléans, Jeanne d'Arc. Leia av «røyster» ho høyrde, lukkast det henne i 1429 å leia franske styrkar mot Orléans og fri byen frå den engelske omlægringa.
Krigen vart stort sett kjempa på fransk jord, og konflikten har nokre gonger vorte rekna meir som ein fransk borgarkrig enn ein internasjonal krig. Historikaren Philippe de Vries har skrive at krigen «meir eller mindre gjekk føre seg på eit provinsielt plan.» Ein annan historikar, Fernand Braudel, siterte de Vries, men la til: «England fungerte som ein provins (eller som ei gruppe av provinsar) innan den Anglo-franske delen» som «både var slagmarka og gevinsten» (Braudel 1984 s. 353)
Krigen var viktig på grunn av ulike faktorar som:
- Nye våpen og militærtaktikk vart introdusert som avløyste tidlegare føydale armear dominert av tungt kavaleri. Bruk av bogeskyttarar med langbogar viste seg å vera effektivt og samstundes meir økonomisk enn tungt væpna riddarar.
- Ein fekk dei første ståande styrkane i Vest-Europa sidan Romarriket.
- Rollene til adelen og bøndene vart endra.
- Nye monarki vart etablert, og det byrja å veksa fram nasjonalstatar.
Kong Karl IV av Frankrike fekk ikkje ein arving, og døydde i 1328. Edvard III av England, som hadde arverett til den franske trona, fekk då ein grunn til å starta ein krig. Samstundes kontrollerte den engelske krona store landområde i Gascogne.