From Wikipedia, the free encyclopedia
Hrodna, polsk og russisk: Grodno, er ein by i det vestlege Belarus ved elva Nemunas med i kring 353 000 ibuarar (2013). Byen, som er hovudstad i Hrodnas voblast, er i folketal den femste største i landet.
Hrodna | |||
Grodno | |||
by | |||
|
|||
Land | Belarus | ||
---|---|---|---|
Fylke | Hrodna voblasts | ||
Areal | 142 km² | ||
Folketal | 361 115 (1. januar 2024) | ||
Hrodna 53.666666666667°N 23.816666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Hrodna | |||
Grodno er ein gammal litauisk by, grunnlagd i 1127. Under den store nordiske krigen kringsette ein svensk hær byen i 1706. Den polske riksdagen skreiv i 1793 under vedtaket om Polens andre deling i byen, og Polens siste konge, Stanislaus August, la ned krona den 25. november 1795.
Under det russiske imperiet var Grodno hovudstad i guvernementet Grodno med 46 919 ibuarar i år 1897. Byen høyrde til det jødiske busetjingsområdet i Tsar-Russland, omkring halvparten bybuarane var jødiske.
Frå 1921 til 1939 høyrde byen til den andre polske republikken. Under den polsk-sovjetiske krigen i 1939 vart Hrodna innlemma i sovjetrepublikken Belarus. Frå slutten av juni 1941 til juli 1944 var byen okkupert av tyske hærstyrkar, i desse åra vart dei aller fleste jødane sende til dei tyske konsentrasjonsleirane. Periodane 1944-46 og 1955-59 vart ein majoritet av den polske folkesetnaden anten utvist eller flykta frå Hrdona.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.