Hraunfossar er ein foss i Borgarfjörður vest på Island som består av fleire krystallklåre småelvar over eit 900 meter breitt område som renn direkte ut frå Hallmundarhraun, ei lavaslette danna etter eit utbrot frå ein av vulkanane under isbreen Langjökull. Hraunfossar fell ut i elva Hvítá frå bergskår av mindre porøs stein i lavaen, derfor namnet hraun, som tyder lava på islandsk. Hraunfossar ligg nær Húsafell, Reykholt og den store lavagrotta Víðgelmir.

Thumb
Hraunfossar

Like ved Hraunfossar ligg ein anna foss kalla Barnafossar. Namnet på denne fossen kjem frå ei ulukke som skal ha funne stad her i tidlege tider. Det var ei naturleg bru over fossen og to born frå ein nærliggande gard fall av brua og drukna. I følgje enkelte segn skal mora etterpå ha øydelagd brua, medan andre segn seier det var eit jordskjelv.

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.