Hovedøya
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hovedøya er ei øy i Indre Oslofjord, i hamnebassenget i Oslo, rett sør for neset som Akershus festning ligg på. Arealet er om lag 0,5 km². Øya vart kjøpt av Oslo kommune frå staten i 1952 (for 4 millionar kroner), og vert forvalta av Friluftsetaten. Det går passasjerferje i rute til øya frå ei av bryggene framfor Rådhusplassen. Mykje av øya, bygningar og ruinar er freda for å take vare på naturen og kulturminna.
Namnet på øya kjem frå norrønt Hǫfuðey, der hǫfuð, som tyder hovud, sikter til den nesten 50 meter høge høgda på den austlege sida, som er den høgste på øya. Nemninga hovud er nytta fleire stader i Oslofjorden om bergkollar som står fram mot sjøen[1]. Kong Sverre planla åtaket på Oslo 24. juli 1197 frå denne høgste høgda på Hovedøya.