![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/d/d5/Hosteisland.svg/langnn-640px-Hosteisland.svg.png&w=640&q=50)
Hoste-øya
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hoste-øya (spansk: Isla Hoste) er ei chilensk øy og den nest-største av øyane i Eldlandet. Berre Storøya i Eldlandet er større. Øya har ein rik flora med skogar av sørlege tre. Vestdelen av øya ligg i Alberto de Agostini nasjonalpark. Sørspissen av øya har fått namnet Det falske Kapp Horn.
Isla Hoste | |
---|---|
![]() Hoste-øya. Navarino-øya kan sjåast til høgre. | |
Geografi | |
Stad | Eldlandet |
Koordinatar | 55°15′S 69°0′W
|
Areal | 4117 km²
(1402 moh.) |
Administrasjon | |
Land | Chile |
Region Provins | Región de Magallanes y de Antártica Chilena Antártica Chilena
|
Demografi | |
Folketal | 0 |
Øya har truleg vore ein buplass for Yaghan-folket før dei kvite kom. Chilenarane forsøkte å busetja seg på øya og avla kveg, men måtte gje opp. Nokre få yaghan-familiar budde på øya fram til utpå 1900-talet.
I 1978 brukte Chile øya som stasjon for krigsskip i Operation Soberanía under Beagle-konflikten. Operasjonen vart ikkje sett i verk. Under folketeljinga i 1992 registrerte ein seks fastbuande her, men det er uvisst om desse faktisk budde her eller på andre øyar i nærleiken. I 2002 registrerte ein ingen.