![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c1/Cyanerpes_caeruleus_-Diergaarde_Blijdorp_-female-8b.jpg/640px-Cyanerpes_caeruleus_-Diergaarde_Blijdorp_-female-8b.jpg&w=640&q=50)
Honningkryparar
slekt av sporvefuglar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Honningkryparar, Cyanerpes, er ei biologisk slekt av fire fugleartar tanagarfamilien. Dei lever i neotropiske område frå Mexico sør til Brasil.
Kjappe fakta
Honningkryparar | |
![]() Hofugl av purpurhonningkrypar, Cyanerpes caeruleus, i ein fuglepark i Nederland Foto: Arjan Haverkamp | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Tanagarar Thraupidae |
Slekt: | Honningkryparar Cyanerpes Oberholser, 1899 |
Lukk
Habitatet er i trekroner i skog eller utkanten av skog. Som namnet ymtar om, er dei spesialiserte nektaretarar med lange, boga nebb.
Dei fire honningkryparartane i slekta har fargerike bein, lange venger og ein kort hale. Hannane er vanlegvis skinande lillablå og hoene grønaktige.
Grønhonningkrypar, Chlorophanes spiza, deler òg fellesnemninga honningkrypar, men er klassifisert i si eiga slekt. Han har eit større, tjukkare nebb enn Cyanerpes-slekta, og er mindre sterkt avhengig av nektar.