![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c5/Males_Anas_platyrhynchos_2.jpg/640px-Males_Anas_platyrhynchos_2.jpg&w=640&q=50)
Homofil åtferd hjå dyr
From Wikipedia, the free encyclopedia
Homofil åtferd hjå dyr er alle formar for homofil eller bifil åtferd hjå dyr, med unntak av menneske. Dette omfamnar seksuell aktivitet, frieri, godhug, partnarskap og barneoppseding mellom samkjønna dyr. Forsking tydar på at slik åtferd finst på tvers av heile dyreriket.[1][2] Innan 1999 var nesten 1 500 artar, frå primatar til insekt, observerte i samkjønna aktivitet; minst 500 av tilfella er godt dokumenterte.[3][4]
![](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c5/Males_Anas_platyrhynchos_2.jpg/640px-Males_Anas_platyrhynchos_2.jpg)
Det finst likevel éin art der homofili er vanleg, nemleg i domestikert sau (Ovis aries).[5][6] Kring 10% av vêr (hannsauer) nektar å pare seg med søyer (hosauer), men er snøgge med å pare seg med andre vêrar.[6]
Den seksuelle åtferda hjå ikkje-menneskelege dyr tek mange former, ogso innanfor dei same artane, sjølv om homofili er vanlegast i sosiale artar. Motivasjonane for, og konsekvensen av, denne åtferda er ikkje godt forstått, og dei fleste artane er ikkje enno skildra.[7]
Observasjonen av homofil åtferd hjå dyr kan nyttast som argument både for og mot homofili, og har mellom anna vore nytta som argument mot peccatum contra naturam («synd mot naturen»).[3]
« | I dyreriket finst det eit større seksuelt mangfald — homofilt, bifilt og ukjønna — enn det finst forskarar og øvrige samfunn som har ønska å godta denne åtferda. — Bruce Bagemihl, kanadisk biolog og språkforskar[8] |
» |
- Han føyer likevel til at det er «naudsynt å hugse på at dette er basert på menneskelege tolkingar av desse fenomena».[9]
« | Trass i at homofil åtferd er veldig vanleg i dyreverda, så er det lite som tydar på at enkeltdyr er disponerte for homofil åtferd, føre den heterofile, over lengre tid. Homofil orientering hjå dyr ser ut til å vere eit sjeldsyn. — Simon LeVay, britisk-amerikansk nevroforskar[10] |
» |