Neandertalarar
utdøydd art i menneskeslekta / From Wikipedia, the free encyclopedia
Neandertalarar viser til ei gruppe menneskeapar i slekta Homo som levde i Europa og Vest-Asia frå rundt 200 000 år sidan, fram til dei forsvann frå Asia for rundt 50 000 og frå Europa for rundt 30 000 år sidan.
Neandertalar | |
Neandertalar | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av neandertalar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Primatar Primates |
Familie: | Hominidae |
Slekt: | Homo |
Art: | †Neandertalar H. neanderthalensis |
Vitskapleg namn | |
Homo neanderthalensis King, 1864 |
I kroppsbygnad likna neandertalarar ganske mykje på moderne menneske, men skilde seg særleg frå dei i utforminga av kraniet. Modellar tyder på at dei hadde ein hjerne som var like stor eller større enn den til moderne menneske. Etter dei funna som er gjort var menn rundt 165–168 cm og kvinner rundt 152–156 cm, omtrent same høgd som moderne menneske i samtida si. Dei var truleg sterkare enn moderne menneske, særleg i armar og hender, og tettbygde, noko som truleg gjorde dei betre tilpassa kulde. Neandertalarar åt variert dyrekost frå dyr dei jakta på eller sanka, men særs lite plantekost.
Neandertalarane blei gradvis erstatta av moderne menneske (Homo sapiens). Det er framleis ikkje heilt klart om neandertalane kan kallast ein eigen art, Homo neanderthalensis, eller ein underart nærare i slekt med mennesket, Homo sapiens neanderthalensis, noko som ville innebera at dei to mennesketypane kunne få avkom saman. Det har også vore ei rekkje spekulasjonar rundt utdøydinga deira — om moderne menneske ganske enkelt utkonkurrerte neandertalarane, om dei døydde ut av seg sjølv ettersom klimaet blei varmare, eller om det var konfliktar mellom gruppene.