From Wikipedia, the free encyclopedia
Holstein-frisisk fe er ein storferase som stammar frå Nederland og Schleswig-Holstein, men er blitt avla fram til verdas fremste melkerase i USA og Canada. Rasen er no utbreidd over heile verda. Mange populasjonar av kyr produserer eit årleg gjennomsnitt på meir enn 7000 kg mjølk. Holstein-frisisk fe er store dyr som ofte er kjenneteikna av svarte og kvite teikningar. Dei kan også vera hovudsakleg svarte, hovudsakleg kvite eller raude og kvite på farge.
Frå 1970-åra byrja rasen å fortrenga mange lokale storfetypar som mjølkeprodusent i dei fleste vesteuropeiske landa. I eit land som Nederland er ca. 90 % av oksene i avlen av amerikansk opphav. I Sverige er han ein av dei to dominerande storferasane, kjend som svensk låglandsfe eller svensk holstein. Rasen har ikkje hatt stor tyding i Noreg, men foreininga Norsk Holstein blei stifta i 2000.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.