From Wikipedia, the free encyclopedia
Hòlemåleri er bergkunst frå førhistorisk tid laga på veggar i hòler og hellerar. Slike måleri er kjende frå store delar av verda, og nokre av dei er fleire titals tusen år gamle. Dei er dermed blant dei eldste kunstverka i verda.
Til forskjell frå bergkunst i det fri, er hòlemåleri verna frå vêr og vind, slik at fargepigment held seg ved like. Svært ofte er det raud oker blanda med eit bindemiddel som er brukt, men måleria kan også innehlada gul oker, kol, hematitt og manganoksid. Dyr er svært ofte motiv for mange hòlemåleri, og noko sjeldnare menneskefigurar, hender eller abstrakte figurar. Ein finn ofte hòlemåleri i hòler som ikkje blei brukt som bustad og ofte var litt utilgjengelege.[1]
Dei eldste kjende hòlemåleria er over 40 000 år gamle. Måleri frå Cueva de Nerja i Spania er tidfeste til å vera laga for mellom 43 500 og 42 300 år sidan gjennom karbondatering av kolavsetjingar på golvet.[2] I Cueva de El Castillo har kalsittavsetjingane på eit måleri datert det til å vera meir enn 40 800 år.[3] Desse eldste europeiske holemåleria blei laga under den siste istida. Dette var ei tida då Homo sapiens kom til Europa, men også neandertalarar levde her. Det har derfor vore spekulert i om neandertalarar lagda nokre av måleria, eller om alt blei laga av moderne menneske.[3] Andre særs gamle hòlemåleri i Europa er i Lascaux, La Marche og Chauvet-Pont-d'Arc i Frankrike og Altamira i Spania. Desse verka er mellom 20 000 og 30 000 år gamle. Undersøkingar av Altamira-måleria viser at dei blei lagde til av ei lang rekkje menneske gjennom fleire tusentals år.[4]
Ein kjenner også fleire eldgamle hòlemåleri i Australia. Kolmåleri i Nawarla Gabarnmang er blitt karbondert til 28 000 år sidan.[5] Holekunst i Arnhem Land avbildar dyr som ein reknar med har vore utdøydde i over 40 000 år. Dette tyder på at desse måleria kan vera minst så gamle.[6]
Dei eldste kjende hòlemåleria i Afrika er rundt 28 000 år gamle. Dei er funne i Apollo 11-hòla i Namibia. Desse måleria er laga på lause steintavler som jeger- og sankarfolket som laga dei kan ha bore med seg.[7] I nokre delar av det sørlege Afrika laga ein hòlemåleri heilt fram til 1800-talet.[8]
Solsemhòla på Leka vart oppdaga i 1912, som dei første hòlemåleria i Noreg.
Døme på funnstader frå heile verda.
Då Marcelino Sanz de Sautuola først oppdaga og holemåleri frå magdalénienkulturen i Altamira i 1879, meinte mange samtidige vitskapsfolk at dei var lureri. Seinare studiar viste at måleria verkeleg var laga i eldre steinalder, og stimulerte til ny interesse for denne tida.
Mange hòlemåleri framstiller dyr. Blant funna i Afrika er det vanlegare med menneskefigurar i bilete enn i kunst frå Europa.[19] Dei fleste norske hòlemåleria stammar frå yngre steinalder og følgjer motiv og idéinnhald som også er kjende frå veideristingar.[20]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.