Hoeksche Waard
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hoeksche Waard er ei øy mellom elvane Oude Maas, Dordtsche Kil, Hollands Diep, Haringvliet og Spui i provinsen Zuid-Holland i Nederland. Øya er stort sett ein jordbruksregion og ligg sør for Rotterdam. Hoeksche Waard består av oppdemde område (polderar) og etter St. Elizabeth-flaumen i 1421 vart det meste av området overfløymd og området har vorte gradvis tørrlagt ved hjelp av dike dei siste hundreåra.
Kjappe fakta Land ...
Hoeksche Waard | |||
øy | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Hoeksche Waard 51.766666666667°N 4.4666666666667°E / 51.766666666667; 4.4666666666667 | |||
Wikimedia Commons: Hoeksche Waard | |||
Lukk
Hoeksche Waard består av kommunane:
- Binnenmaas (landsbyane Blaaksedijk, Heinenoord, Maasdam, Mijnsheerenland, Puttershoek, Westmaas og 's-Gravendeel)
- Cromstrijen (landsbyane Klaaswaal og Numansdorp)
- Korendijk (landsbyane Goudswaard, Nieuw-Beijerland, Piershil og Zuid-Beijerland)
- Oud-Beijerland
- Strijen (landsbyane Cillaarshoek, Mookhoek, Strijen og Strijensas)
Hoeksche Waard grensar til:
- øya IJsselmonde i nord på andre sida av Oude Maas (tunnel)
- øya Voorne-Putten i vest på andre sida av elva Spui (ferje)
- øya Dordrecht i aust på andre sida av Dordtsche Kil (tunnel)
- øya Goeree-Overflakkee i sør på andre sida av Hollands Diep og Haringvliet (bru)