Hod
From Wikipedia, the free encyclopedia
Hod var ein gud i norrøn mytologi som var son av Odin og Frigg. Han var blind, men sterk. Hod drap sin eigen bror Balder ved å skyta han med ei pil av misteltein.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/52/Loki_and_Hod.jpg/220px-Loki_and_Hod.jpg)
Snorre Sturlason fortel at det var Loke som fekk han til å skjota den elles udøyelege Balder med det einaste som kunne skada han. Gesta Danorum framstiller derimot drapet som del av kampen mellom Hotherus og Balderus for den kongsdottera Nanna, der Hotherus drap Balderus på eiga hand.
Det vert fortalt at Odin og jotna Rind fekk sonen Våle med det føremålet at Våle skulle drepa Hod. Berre ei natt gamal tek Våle livet av Hod. Ein annan versjon er at Våle skulle ta hemn på Loke, av di Odin og Frigg visste at Loke stod bak drapet på Balder.
Balder og Hod forsonar seg med kvarandre i dødsriket Hel. Derifrå vender dei attende etter Ragnarok.